Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil høyre forslag om lågterskeltilbod for varslarsaker

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår at Diskrimineringsnemnda får myndigheit til å avgjere saker om gjengjeld etter varsling i arbeidsmiljøloven.

Departementet foreslår også at nemnda får kompetanse til å tilkjenne oppreising og, i nokon grad, erstatning i slike saker.

Forslaget er ein del av regjeringas arbeid for å styrkje vernet av varslarar i norsk arbeidsliv, og er ei oppfølging av NOU 2018: 6 Varsling – verdier og vern og Prop. 74 L (2018-2019).

Låg terskel for varsling

Regjeringa har tidlegare konkludert med at det vil vere formålstenleg å etablere eit lågterskeltilbod for gjengjeldssaker etter varsling, og at det bør gjerast ved å byggje på ei eksisterande nemndsløysing.

I dag er det berre domstolane som har kompetanse til å avgjere slike saker. Forslaget går ut på at Diskrimineringsnemnda får myndigheit til å behandle desse sakene.

Høyringsfristen er 15. oktober 2020.

Til toppen