Vil ikkje påverke flyten av personopplysningar

Å gjennomføre EU si personvernforordning i ein ny norsk personopplysningslov er eit prioritert arbeid for regjeringa, skriv statssekretær Sveinung Rotevatn.

I ein tekst i Dagens Næringsliv 7. mars omtalar advokatene Jarbekk og Risung innføringa av EU sine nye personvernreglar (GDPR). Dei er særleg urolege for ei eventuell utsetjing av implementeringa.

Skribentane meiner at så lenge dei nye reglane er innført andre stadar og ikkje her heime, blir Noreg «et land som ikke anses å ha tilstrekkelig beskyttelse og som man derfor ikke kan overføre data til uten særskilte garantier.»

Å gjennomføre EU si personvernforordning i ein ny norsk personopplysningslov er eit prioritert arbeid for regjeringa. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med å fremje proposisjonen raskt. Stortinget er varsla om ein proposisjon om ny personopplysningslov i april.

Før forordninga kan tre i kraft som norsk rett, må den takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast ved eit nasjonalt lovvedtak. Det er uvisse om forordninga vil vere formelt tatt inn i EØS-avtalen innan 25. mai slik at lova kan setjast i kraft på dette tidspunktet. Her er vi avhengige av fortgang også hos EU.

Følgjene av ei eventuell utsetjing vil likevel ikkje vere så store som Jarbekk og Risung skal ha det til. Om forordninga ikkje er tatt inn i EØS-avtalen og satt i kraft innan 25. mai vil det ikkje påverke flyten av personopplysningar mellom EU og Noreg.

I dag blir dette regulert av gjeldande personopplysningsdirektiv. Direktivet er ein del av EØS-avtalen og vil ikkje bli tatt ut før den nye forordninga blir tatt inn. EØS-avtalen er bindande for alle EØS-statar, også EU-statane. Fram til forordninga er tatt inn i EØS-avtalen vil det vere det gamle 1995-direktivet som regulerer overføringa av personopplysningar mellom EU og Noreg.

I mellomtida gjer regjeringa alt for å få fortgang i saka, slik at vi kan unngå heile problemstillinga.

Departementet er for tida i tett dialog med Island, Liechtenstein og EU om eit utkast til EØS-komitéavgjerd med tilpasningstekst som innlemar forordninga i EØS-avtalen. Departementet legg til grunn at utkastet formelt vil bli presentert for EU innan kort tid. Deretter vil utkastet vere gjenstand for behandling internt i EU før det kan fattast ei formell innlemingsavgjerd i EØS-komiteen, noko som føreset semje hos EØS/EFTA-landa og EU.

Tidspunktet for når ei avgjerd i EØS-komiteen vil kunne fattast vil særleg bero på behandlinga av utkastet til avgjerd internt i EU. Noreg vil benytte dei høva vi har for å påverke at denne prosessen skal få ei så hurtig fremdrift som mogleg.

Til toppen