Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil kjempe imot feilernæring og fremje innovasjon i landbruket

I FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) sitt rådsmøte annonserte generaldirektøren José Graziano da Silva at dei vil prioritere arbeidet med å kjempe imot feilernæring, og leggje til rette for innovasjon i landbruket dei neste to åra.

Graziano da Silva peikar på at for å oppfylle FNs berekraftsmål om å utrydje svolt, må vi óg arbeide for at verdas befolkning skal ha eit rett kosthald. Han viser til at svolt ofte er avgrensa til spesifikke område, men at overvekt hjå menneskje er eit aukande problem over heile verda.  

Generaldirektør i FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), José Graziano da Silva.
Generaldirektør i FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), José Graziano da Silva. Foto: ©FAO/Alessandra Benedetti

I tida framover vil det bli halde fleire internasjonale konferansar som tek tak i utfordingane. I slutten av april er det haldt ein konferanse om matsikkerheit i Genève som blir arrangert av FAO, Verdens helseorganisasjon og Verdens handelsorganisasjon. I slutten av mai blir det arrangert eit seminar om familiebruk av FAO som tek for seg kosthald og innovasjon i landbruket. I juni blir det arrangert eit møte mellom partane i Havnestatane sin målavtale (PSMA). 

 

FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
  
  
FN sine berekraftsmål 

FN sine 17 berekraftsmål fram mot 2030 vart vedtatt av Høynivåforumet for berekraftig utvikling som vart arrangert under FNs Generalforsamling i september 2015. Måla er universelle og gjeld for alle land, også Noreg. Som eitt av dei fyrste landa skal Noreg rapportere til FN om korleis vi følgjer opp berekraftsmåla. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FN sitt berekraftsmål nummer 2: Utrydje sult, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje eit berekraftig landbruk.
Til toppen