Vil lære meir om katapult-senter

Næringsministeren besøker London og Coventry for å sjå på britiske teknologi- og innovasjonssenter som skal auke innovasjonen og verdiskapinga i britisk industri.

- Vi vil sjå nærare på korleis britisk industri, akademia og offentlege styresmakter samarbeider for å utvikle industrien på utvalde område, seier næringsminister Monica Mæland.  

Monica Mæland på katapult-senter i Coventry.
Næringsminister Monica Mæland på katapult-senteret «Manufacturing Technology Centre (MTC)» i Coventry. Foto: NFD

Ho er i Storbritannia saman med ein delegasjon frå næringslivet for å få innspel til den komande industrimeldinga. Fasilitetar kor norske verksemder kan teste og simulere ny teknologi og nye løysingar vil vere eit tema i meldinga.

Det britiske innovasjonsbyrået Innovate UK har oppretta fleire såkalla katapult-senter, kor industrielle føretak samarbeider med forskarar om å utvikle og kommersialisere gode idear, nye prosessar og løysingar. Sentera tilbyr avansert utstyr for testing og pilotering, ekspertise i toppklasse og nettverk.

Delegasjonen skal besøke tre av desse sentera, to innan avansert produksjonsteknologi og eitt som jobbar med teknologiske skift og digitale utfordringar. 

- Vi er interesserte i den røynsla dei har fått i Storbritannia etter at desse sentera vart etablerte, korleis dei er finansiert og kva for resultat dei har oppnådd. Det er mange skilnader mellom norsk og britisk industri, men nokre utfordringar er felles, og vi kan lære mykje ved å sjå kva grep britane gjer for å auke nyskapinga og produktiviteten i industrien sin, seier Mæland.

Fakta om UK Catapult

  • Programmet UK Catapult blei etablert i 2011 av britiske Technology Strategy Board (no Innovate UK).
  • Katapult-sentera skal vere eit nettverk av verdsleiande teknologi- og innovasjonssenter som skal auke Storbritannia sine moglegheiter for innovasjon og vekst innan utvalde industrielle område.
  • Sentera skal stimulere til tettare samarbeid mellom forsking og industri, og skal tilby avansert teknisk utstyr og kompetanse. Dei er finansierte av staten, næringslivet og gjennom FoU-kontraktar.