Historisk arkiv

Vil lovfeste forsterka opplæring dei første fire åra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Vi veit at elevar som ikkje har med seg grunnleggjande dugleikar som lesing og rekning frå grunnskulen, kan få problem med vidare skulegang og i arbeidslivet. Derfor satsar vi no på at elevane skal få gode dugleikar dei første åra i skulen, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

- Målet vårt er at alle elevar skal kunne fullføre grunnopplæringa. Vi veit at elevar som ikkje har med seg grunnleggjande dugleikar som lesing og rekning frå grunnskulen, kan få problem med vidare skulegang og i arbeidslivet. Derfor satsar vi no på at elevane skal få gode dugleikar dei første åra i skulen.

Dette seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i samband med at regjeringa no sender på høring eit forslag om lovendringar som mellom anna gjeld forsterka opplæring dei første fire åra og meir fysisk aktivitet i skulen.  

Forsterka opplæring

For å styrkje dugleikane til elevane dei første skuleåra foreslår regjeringa at kommunar og private skuleeigarar skal ha ei plikt til å gi elevane på 1. til 4. steget forsterka opplæring i norsk/samisk og matematikk. Forslaget om forsterka opplæring inneber mellom anna fleire lærarar per elev i desse faga enn elles, og skal vere særleg retta mot elevar med svake dugleikar i lesing og rekning.

Fysisk aktivitet

For å få til ein meir variert skuledag og betre læringsutbytte for elevane foreslår regjeringa at skuledagen på barnesteget skal bli utvida med to timar fysisk aktivitet. Timane skal ikkje vere ordinær undervisning, og det blir derfor ikkje stilt krav om bruk av pedagogisk personale.

Kvalitetsrapport

- Skal vi nå målet om betre kvalitet i grunnskulen, må skuleeigar lokalt følgje opp resultata i skulen. Derfor legg vi no fram eit forslag om at alle skuleeigarar, både offentlege og private, årleg skal utarbeide ein kvalitetsrapport om grunnopplæringa. Slike rapportar er allereie lovfeste i Sverige og Danmark, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Rapportane skal mellom anna ta for seg læringsutbytte, fråfall og læringsmiljø.

Klassar

Å høre til i ei sosial gruppe og det å ha eit godt fellesskap for læring er viktig for trivsel og læring. Regjeringa legg derfor fram eit forslag om at opplæringslova og privatskulelova skal seie klårt at elevane skal vere delte inn i klassar eller basisgrupper.

Andre forslag:

I tillegg blir det lagt fram forslag om fleire endringar i opplæringslova og privatskulelova, på mellom anna desse områda:

- Rett til utvida opplæring i vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege elevar
- Plikt til foreldresamarbeid i grunnskule og vidaregåande opplæring
- Private skular for funksjonshemma
- Skulepengar for særskilt tilrettelagt vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett

Fleire av forslaga til lovendringar som no blir sende på høring er oppfølging av tiltak som vart lagde fram i stortingsmeldinga om kvalitet i skulen, som regjeringa presenterte i juni.

Lovforslaga skal etter planen leggjast fram for Stortinget våren 2009, og skal ta til å gjelde frå hausten 2009.

Til toppen