Historisk arkiv

Vil måle effekten av klart språk i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Det blir gjort mykje godt klarspråkarbeid i staten. Når vi dokumenterer effekt og resultat, gjer vi det lettare for statlege verksemder å lære av kvarandre, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Direktoratet for forvaltning og IKT har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) lyst ut inntil 1,1 millionar kroner til arbeidet med klart språk i forvaltninga. Statlege verksemder kan søkje om midlar til å revidere tekstar og til å måle effektar av klarspråksarbeidet. Ordningane rettar seg spesielt mot helsesektoren. Søknadsfristen er 19. august 2016.

– Klart språk gjer det enklare for innbyggjarane å forstå kva rettar og plikter dei har. Det vil også fjerna tidstyvar, seier Sanner. Han er glad for at mange statlege etatar prioriterer dette arbeidet.

– Samstundes er det behov for å skaffe meir kunnskap og utvikle metodane. Forbetring av språk og tekst er ikkje noko vi gjer berre ein gong, seier han.

KMD har eit overordna ansvar for arbeidet med å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor. Arbeidet med klart språk er eit verkemiddel her. Departementet støttar også språkarbeidet i kommunesektoren, og løyvde i fjor haust 1,8 millionar kroner til eit femårig klarspråksprosjekt i regi av interesseorganisasjonen for kommunane, KS.

Les meir om støtteordningane på klarspråk.no