Historisk arkiv

Vil opne for avgrensa sal av upasteurisert mjølk direkte frå garden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa har bestemt å be Mattilsynet utarbeide og sende på høyring eit forslag om å innføre ei avgrensa opning for sal av upasteurisert mjølk direkte frå gard eller seter.

– Ei liberalisering av regelverket for sal av rå mjølk slik vi no foreslår, har vore ynskt av mange. Endringa vil vere positiv både for mjølkeprodusentar og for forbrukarar som ønskjer å handle mjølk direkte frå garden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

Mattilsynet vil bli bede om å vurdere ei forskriftsendring som i større grad kan harmonisere norske reglar på dette området med det som gjeld i dei andre nordiske landa. 

Helse- og omsorgsdepartementet har det faglege ansvaret for dette regelverket og vil utarbeide oppdragsbrev til Mattilsynet om forskriftsendringa.