Historisk arkiv

Vil redusere tap av husdyr og tamrein

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Regjeringa vil styrke arbeidet med å redusere tapa av husdyr og tamrein til rovdyr med 40 millionar kroner. Dette gjerast for å dempe konfliktnivået i rovdyrforvaltninga.

Regjeringa vil styrke arbeidet med å redusere tapa av husdyr og tamrein til rovdyr med 40 millionar kroner. Dette gjerast for å dempe konfliktnivået i rovdyrforvaltninga.

Les mer om miljøvernbudsjettet 2009

- Eg er svært nøgd med at regjeringa føreslår denne styrkinga på eit utfordrande og viktig område. Styrkinga vil bidra sterkt til å oppfylle måla om levedyktige rovviltbestandar og jordbruksdrift basert på beitebruk, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Regjeringa vil styrke arbeidet med å redusere tapa av husdyr og tamrein til rovdyr med 40 millionar kroner. Foto: Tore Høyland.
Regjeringa vil styrke arbeidet med å redusere tapa av husdyr og tamrein til rovdyr med 40 millionar kroner. Foto: Tore Høyland.

Det meste av pengane, om lag 30 millionar, blir kanalisert gjennom dei regionale rovdyrnemndene. Pengane skal brukast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift, og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. Dei regionale nemndene har hovudansvaret for at tildelinga av pengar skjer i tråd med ein eigen forvaltningsplan i kvar einskilt region.

For å redusere konfliktnivået treng vi sikrare kunnskap om blant anna bestandsstorleikar, områdebruk, talet på ynglingar og tap av beitedyr til rovdyr. Av auken vil derfor om lag seks millionar kroner bli nytta til overvakingsarbeid, slik at datakonflikten kan bli ytterlegare dempa. I tillegg er fire millionar kroner sett av til styrking av Statens Naturoppsyn (SNO) sitt rovviltkontaktarbeid. Dette for å kunne møte auka oppdragsmengd og skjerpa krav til gjennomføringa både når det gjeld skadedokumentasjon, bestandregistrering og bistand i fellingsoppdrag.

Statens Naturoppsyn blei styrkt med ein million kroner i revidert nasjonalbudsjett 2008 til å engasjere jegerar i ekstraordinære fellingsoppdrag. Styrkinga blir førd vidare i budsjettet for 2009.

Til toppen