Statsbudsjettet 2016:

Vil redusere utslepp frå eigedomane til Statsbygg før planen

– Regjeringa har skjerpa klimaforliket og pålagt Statsbygg å fase ut bruken av fossil olje i 2016. Nå løyver vi 10 millionar kroner til å fullføra arbeidet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Klimaforliket legg til grunn at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan utgangen av 2018. Regjeringa framskundar no dette arbeidet. Statsbygg skal gjennomføre utfasinga i sine bygg allereie innan utgangen av 2016.

- Utfasinga vil spare miljøet for 2 227 tonn CO2 frå eigedomane årleg samanlikna med 2014-nivå. Det er om lag det 1250 dieseldrevne bilar i Norge slepp ut årleg, seier Sanner.

I statsbudsjettet for 2015 blei det sett av 15 millionar kroner til same formål. No foreslår regjeringa å løyva ytterlegare 10 millionar kroner, slik at vi kjem i mål.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00