Vil revidere datasenterstrategien for å møte framtidas utfordringar

- Sidan den førre datasenterstrategien blei lagt fram har verda endra seg radikalt. Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa er endra, kraftsituasjonen er svært krevjande og det er stadig større behov for datakraft i takt med aukande digitalisering. Samstundes legg kryptoutvinning beslag på viktige kraftressursar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Departementet håper på innspel frå datasenternæringa og andre undervegs i arbeidet med å revidere datasenterstrategien.

-Mange datasenter leverer viktige tenester til norske innbyggjarar og verksemder og er ein viktig del av den digitale infrastrukturen. Norsk næringsliv har og vore tydeleg på viktigheita av datalagringskapasitet for både å sikre eksisterande verksemder – men og bidra til framveksten av nye løysingar. Derfor har vi også foreslått å stille krav til sikkerheit og beredskap for datasentre i høyringa om datasenterregulering, seier Gjelsvik.

Departementet jobber vidare med å følgje opp høyringa av ekomloven i ei eigen prosess, samstundes som ein no starter arbeidet med å revidere datasenterstrategien.

- Den krevjande kraftsituasjonen og høge straumprisar har bidratt til auka fokus på energisparing i Noreg. Dette vil i høg grad også måtte gjelde datasentra, mellom anna igjennom enno meir aktiv bruk av restvarmen frå datasenteranlegga. Ved å ta i bruk restvarmen til anna næringsverksemd og hushaldningar i nærleiken av anlegga kan ein bruke energien fleire gonger, seier Gjelsvik.

Innspel sendes direkte til postmottak@kdd.dep.no

Frist for innnspel er 15. januar 2023. 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00