Vil rydde opp i straummarknaden

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa ber straumbransjen rydde opp i den kritikkverdige praksisen rundt straumsal og varslar fleire grep for å gjere straummarknaden enklare for forbrukarane. Mellom anna må bransjen få på plass standardiserte og meir forbrukarvennlege straumavtaler.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) kalla i dag inn representantar for straumbransjen, tilsynsmyndigheiter, Elklagenemnda og Forbrukarrådet til eit møte om forbrukarmarknaden for straum.

Bakgrunnen for møtet var den store merksemda om straumavtalar til forbrukarar dei siste månadane. Statsrådane varsla òg at regjeringa no set i gong eit arbeid med å vurdere ytterlegare tiltak i forbrukarmarknaden for straum, blant anna forbod/påbod for enkelte avtalar, makspåslag, pålegg om å opplyse om eventuell risiko knytt til avtalar og tiltak retta mot sal av andre produkt enn straum. I tillegg har Forbrukartilsynet og Reguleringsmyndigheta for energi (RME) fått i oppdrag å vurdere om det er behov for ytterlegare sanksjonsmoglegheiter i 2023.

– Straumbransjen har ein jobb å gjere med å sørgje for at dei har forbrukarane si tillit. Eg forventar at bransjen opptrer ryddig og etterretteleg i møte med forbrukarar i ei tid der mange er uroa for aukande prisar. Eg forventar at vi kan vere einige om dette målet, seier Toppe.

Statsrådane kom også med klare forventningar til bransjen om å tilby enkle spotprisavtalar og at straumsalbransjen må styrke finansieringa av Elklagemenmnda.

– Forbrukarar som vil ha enkle og oversiktlege straumavtalar skal sleppe å leite med lys og lykte etter det. Eg forventar at bransjen innan to veker har på plass ein standard spotprisavtale som kan verte tilbydd av alle straumsalsselskapa. Eg er kjend med at bransjen har kontakta Forbrukartilsynet om dette arbeidet, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Dei to statsrådane ønska òg å høyre korleis straumbransjen følgjer opp regelendringane om prisopplysningar og fakturainformasjon som kom sist haust. Då vart krava til opplysningar om pris, varigheit og avtaletype strammare og det vart innført ei plikt til å vise til straumprisportalen (Strømpris.no) i all marknadsføring som inneheld kjøpsoppfordringar. I tillegg vart varslingstida for endring av pris eller avtalevilkår dobla, slik at forbrukarane skal få betre tid til å områ seg. Reglane tok til å gjelde 1. november 2022.

– Samtidig som dei nye reglane nett no har tredd i kraft, ser vi at det er for mange forbrukarar som sitt med dårlege avtalar. Det er difor naudsynt å allereie no førebu ytterlegare tiltak i denne marknaden. Det handlar blant anna om krav til innhaldet i avtalar og forbod mot avtalar kor risikoen for forbrukaren verkar urimeleg. Det handlar også om «standard variabel»-avtalane som har vore unisont kritisert, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe som har ansvar for forbrukarpolitikken.