– Vi vil gi fleire moglegheit til å delta. For å få til dette treng vi fleire aktive tiltak som set folk i stand til arbeid. Derfor styrkar vi budsjettet med nesten 600 millionar kroner i 2026, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Målet til regjeringa er å auke sysselsettinga blant folk i alderen 20–64 år til 82 prosent innan 2030. Det inneber at om lag 135 000 fleire skal vere i arbeid innan den tid.

Arbeidsmarknadstiltaka gir folk moglegheit til å kvalifisere seg og å skaffe arbeidserfaring som ofte er nødvendig for å få arbeid. Talet på personar med nedsett arbeidsevne har auka sidan 2019, og mange treng ekstra støtte for å komme i arbeid.

– Det er særleg utfordrande at over 100 000 unge under 30 år verken er i arbeid eller utdanning. Regjeringa vil derfor prøve ut nye verkemiddel for å få fleire unge inn i jobb. Vi kan ikkje gi dei opp, vi trenger dei i arbeidslivet, seier Stenseng.

Blant tiltaka som er retta særleg inn mot unge er forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, forsøk med «eit enklare Nav» og eit nytt rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren. 

Gjer endring på budsjettposten for varig lønnstilskot

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til arbeidsmarknadstiltaket «varig lønnstilskot»  med 46 millionar, inkludert personalressursar i Nav.

Varig lønnstilskot er eit tilskot frå Nav til arbeidsgivarar som tilset personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne. Deltakarane får vanleg lønn, og målet er eit varig arbeidsforhold. Ein studie viser at tiltaket er samfunnsøkonomisk lønnsamt.  

Meir bruk av varig lønstilskot kan bidra til at færre går over til uføretrygd.

I tillegg vil regjeringa at varig lønnstilskot frå 2026 skal få ein eigen post i statsbudsjettet. Dette skal gjere at Nav-kontoret ikkje treng å prioritere mellom brukarar med varige behov og dei med midlertidige behov sidan varige og midlertidige tiltak ikkje lenger blir budsjettert på same post.

– Arbeid er viktig for den enkelte, som får inntekt, fellesskap på jobb og opplever meistring og trivsel. Det er òg viktig for oss som fellesskap. Vi  treng at så mange som mogleg er i arbeid, skaper verdiar og bidreg til å finansiere velferda som kjem oss alle til gode, seier Stenseng.

  • Ungdomsprogram: Regjeringa vil bruke 172 millionar kroner på eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram. Programmet skal gi unge som treng hjelp for å kome seg i arbeid eit tilbod frå Nav som ikkje er knytt til om dei har ein diagnose. Deltakarane vil vere sikra inntekt gjennom programmet, og få støtte frå Nav til å bli klare for arbeid eller utdanning.

  • Rekrutteringsprogram: Regjeringa vil løyve 125,5 millionar kroner til å etablere eit nytt rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, retta mot unge utanfor arbeid og utdanning.

  • Varig tilrettelagt arbeid (VTA): Regjeringa vil styrke VTA med 77,3 millionar kroner, som vil gi om lag 500 fleire VTA-plassar. Samla vil regjeringa bruke om lag 2,4 milliardar på VTA i 2026.

  • Arbeidsmarknadstiltak: Regjeringa vil auke løyvinga til midlertidige arbeidsmarknadstiltak med 69 millionar kroner i 2026, og totalt bruke om lag 7,8 milliardar.

  • Varig lønstilskot: Regjeringa vil styrke varig lønstilskot med 46 millionar kroner, slik at fleire med varig redusert arbeidsevne kan delta i arbeidslivet. For at Nav ikkje skal måtte prioritere mellom brukarar med varige behov og dei med midlertidige behov, foreslår regjeringa at varig lønstilskot frå 2026 skal få ein eigen post i statsbudsjettet. Totalsum på posten er om lag 1 milliard i 2026.

  • Jobbsjansen: Styrke Jobbsjansen med 23 millionar kroner for å få fleire innvandrarkvinner som står langt unna arbeidslivet i arbeid. Totalt vert det føreslått løyvd om lag 210 millionar kroner i 2026. Det inneber om lag 1 200 plassar.

  • Eit enklare Nav: Løyve 17 millionar kroner til å starte forsøket med «Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge» hausten 2026 i Trondheim kommune. «Eit enklare Nav» er eit program der unge under 30 år utanfor arbeid og utdanning skal få arbeidsretta oppfølging frå dag éin.

  • Marknadskontaktar: Styrke Nav sitt samarbeid med arbeidsgivarar for å få unge raskare i arbeid. Det blir føreslått 15 millionar kroner til marknadskontaktar i Nav.

  • Individuell jobbstøtte: Styrke tiltaket Individuell jobbstøtte (IPS) med 20 millionar for at fleire med psykiske helseutfordringar kan delta i arbeid og aktivitet. Totalsum på posten er 783 millionar i 2026.

  • Arbeids- og utdanningsreiser: Auke løyvinga til arbeids- og utdanningsreiser slik at fleire med funksjonsnedsetting kan få støtte til transport til og frå arbeid. Samanlikna med saldert budsjett 2025 føreslår vi 20 millionar kroner ekstra i 2026. Totalsum på posten er 138 millionar kroner.

  • Funksjonsassistanse: Styrke funksjonsassistanse i arbeidslivet med 10 millionar kroner. Formålet med ordninga er at personar med fysiske funksjonsnedsettingar skal kunne stå i ordinært lønt arbeid. Totalsum på posten er 157 millionar i 2026.