Vil styrke reglar om elektronisk og elektrisk avfall

Europaparlamentet vil at opptil 75 prosent av det elektriske og elektroniske avfallet i EU skal vere resirkulert innen 2016. Parlamentet ønsker å styrke og forenkle eksistrande reglar om innsamling og behandling av elektrisk og elektronisk Miljøråd Marie Helene Korsvoll rapporterer.

Europaparlamentet vedtok i plenum 3. februar sin posisjon i første lesing av forslaget om å endre regelverket om elektrisk og elektronisk avfall, det såkalla WEEE-direktivet.I Europaparlamentet sin posisjon er det ei målsetjing om at frå 2016 skal 85 prosent av avfallet vere samla inn og opptil 75 prosent av avfallet skal vere resirkulert, avhengig av type avfall.

Når det gjeld verkeområde, ønsker dei at alt el-avfall skal omfattast med mindre det er spesifikt unnateke. Døme på unntak er militært utstyr samt ”fotoelektriske celler” som inngår i solcellepanel. Når det gjeld eksport av avfall, vil parlamentet at eksportøren skal godtgjere at det som blir eksportert er mogleg å bruke igjen. Vidare meiner Europaparlamentet at forbrukarane skal kunne levere tilbake små, elektroniske produkt til forhandlarane for å hindre at desse blir kasta saman med ordinært avfall.

Vedteke med solid fleirtal
Forslaget blei vedteke med solid fleirtal der 580 var for, 37 i mot og 22 avstod.

Fleire parlamentarikarar viste til det gode samarbeidet på tvers av partigruppene som har vore om rapporten, og at det kompromisset ein har kome fram til er eit steg framover. Mange fokuserte i sine innlegg på at el-avfall er den typen avfall der ein har mest auke, manglande implementering av det nogjeldande regelverket, ressusreffektivisering og gjenbruk av sjeldant metall i elektroniske produkt og å få kontroll med eksport av avfallet. Samstundes blei det òg teke opp spørsmålet om kven som skal bere kostnaden ved dei nye reglane, og kor realistisk det er for dei nye medlemslanda å nå måla.

Miljøstandardar sikrar råmateriale i Europa
Saksansvarleg i miljøkomitéen, Karl-Heinz Florenz, innleia debatten i plenum med å peike på at ein ved å setje høge miljøstandardar også sikrar tilgang til råmateriale i Europa. Kor mykje avfall som blir samla inn varierer mellom landa frå ein kilo per capita til 16 kilo per capita. Han minna om at ein har ein felles marknad der det bør vere like kriteriar, slik er det ikkje i dag. Ein må også styrke overvakinga, i tillegg til å stoppe ulovleg eksport av el-avfall.

Kommisjonen ved miljøkommisær Janez Potocnik var også tilstades under debatten. Han vedgjekk at implementeringa av regelverket i dag er mangelfull. Vidare meinte han det er viktig å ha ambisiøse mål, og til spørsmålet om kven som skal bere kostnadene viste han til at kostnaden ved ikkje å gjere noko med den aukande avfallsmengda også er stor.

Potocnik viste òg til ressusreffektivisering, og kor viktig det er å ta vare på sjeldne metall som finnest i avfallet. Han meinte at ein no har eit godt forslag som etter arbeid i ei andre lesing kan bli endå betre.

Sakansvarleg Florenz peika på at det ville bli vanskelege forhandlingar med Rådet. Dermed er det mogleg at det blir ei andre lesing.

Miljøkomiteen behandla utkast til rapport i juni i fjor, og Noreg kom i august i fjor med innspel til saksansvarleg Karl-Heinz Florenz sitt arbeid med å fullføre rapporten.

Leinke til rapporten/resolusjonen her.