Historisk arkiv

Vil styrke Siva med 40 millionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringen foreslår å styrke Siva med 40 millionar kroner. Løyvinga skal gå til innovasjonsselskap der Siva er medeigar, og skal bidra til næringsutvikling.

-Innovasjonsselskapa bidreg til at gode idear blir realiserte og til vekst og jobbskaping. Det er viktig  å få hjula raskt i gong igjen, seier næringsminister Iselin Nybø.

Siva er deleigar i 74 innovasjonsselskap. Selskapa gjer råd til bedrifter og gründarar. Gjennom innovasjonsselskapa kan dei få rettleiing og komme i kontakt med investorar og andre som kan bringe idear til marknaden.

Nokre av selskapa kan få økonomiske vanskar som følge av koronakrisa.

Løyvinga på 40 millionar kroner skal gå til å styrke eigenkapitalen i innovasjonsselskap der Siva er medeigar, dersom det blir nødvendig. Målet er å oppretthalde aktiviteten og tilbodet til bedrifter og gründarar.