Historisk arkiv

Vil tildele 65 nye havbruksløyve for laksefisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om tildeling av 65 nye løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure. Fem av løyva er øyremerka økologisk havbruk. - Ved å tildele nye konsesjonar i staden for å auke kapasiteten innan eksisterande konsesjonar, opnar vi for nye aktørar i næringa, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om tildeling av 65 nye løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure. Fem av løyva er øyremerka økologisk havbruk.

- Denne tildelingsrunden vil medverke til å skape arbeidsplassar langs kysten. Alle ledd i verdikjeda, som leverandørbransjen, setjefiskprodusentar, slakteri, foredlingsbedrifter, eksportørar og transportbransjen vil dra nytte av at den norske havbruksnæringa no får høve til å auke produksjonen og styrkje konkurransekrafta si, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

- Ved å tildele nye konsesjonar i staden for å auke kapasiteten innan eksisterande konsesjonar, opnar vi for nye aktørar i næringa, seier Ulriksen.

Det er gjort få endringar i forslaget som var ute til høyring. Det inneber at dei 60 ordinære løyva blir fordelte slik: Finnmark 7, Troms 8, Nordland 15, Nord-Trøndelag 7, Sør-Trøndelag 8, Møre og Romsdal 5, Sogn og Fjordane 5 og Hordaland 5. I tillegg kjem 5 løyve som er øyremerka for oppdrettarar som ønskjer å drive økologisk havbruk.

I vurderinga av talet på nye løyve er det lagt vekt på at veksten i havbruksnæringa skal skje på ein berekraftig måte, ikkje minst med omsyn til miljø og fiskehelse. Fylkesfordelinga er gjort ut frå miljøomsyn og distrikts- og næringspolitiske omsyn. Det er også lagt vekt på kvar dei viktigaste stammane av villaks er å finne og kvar det er størst vanskar med lakselus og  rømming. På denne bakgrunnen vil det bli tildelt heller få løyve på Vestlandet, og dei som blir tildelte skal blant anna nyttast for å betre lokalitetsstrukturen slik at det blir lettare å nedkjempe sjukdommen pancreas (PD).

- Samla meiner eg at tildelinga av 65 nye løyve ligg innanfor ei miljømessig akseptabel ramme. Havbruksnæringa i landet vårt er strengt regulert på miljøsida, men både næring og forvaltning må arbeide vidare for å redusere påverknaden som næringa har på miljøet. Målet er at norsk havbruksverksemd i åra som kjem skal bli enda betre på dette området, seier Ulriksen.

Løyva vil bli tildelte mot eit fast vederlag, og søknadsbehandlinga vil skje etter prioritering ut frå visse kriterium.

Kriteria er:

  • ”Om søkjar er ein mindre aktør i næringa”. Formålet med kriteriet er å styrkje små og mellomstore bedrifter innanfor havbruksnæringa, og dermed medverke til å halde oppe ein variert eigarstruktur.
  • ”Om søkjar vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk
    integrasjon i kystdistrikta i Noreg”. Formålet med kriteriet er å medverke til auka verdiskaping og sysselsetjing i område langs kysten med fråflytting og nedgang i talet på innbyggjarar.

- Eg vil understreke at kriteria for tildeling ikkje utelukkar nokon frå å søkje, men det å oppfylle kriteria vil ha vekt i spørsmålet om søkjaren vil nå opp i konkurransen om løyva, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Blant endringane som er gjort etter høyringa er at fristen for innbetaling av vederlaget er forlenga frå ei veke til 30 dagar. Dette er gjort på bakgrunn av høyringsinnspel frå banknæringa. Vidare har departementet konkludert med at

  • det blir ikkje tillete å starte produksjon etter tildeling av økologisk løyve før det ligg føre sertifisering
  • det blir ikkje sett noko tak for talet på løyve som kan tildelast ein søkjar

Elles er det berre gjort enkelte tekniske endringar i forslaget som var til høyring.

Kontakt:

Pressevakt tlf. 22 24 66 99
Rådgiver Christopher Rønbeck tlf. 22 24 64 81


 

Til toppen