Historisk arkiv

Vil utvide ordninga med stønad til språkkurs

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

For å gjere terskelen enda lågare for dei som kan tenkje seg å studere i Tyskland, vil regjeringa utvide ordninga med stønad til språkkurs frå neste studieår. Studentane skal få stipend også dersom dei ikkje begynner på planlagd utdanning etter fullførd språkkurs.

– Tyskland er Noregs viktigaste partner i Europa, og Kunnskapsdepartementet følgjer opp regjeringa si Tysklandsstrategi med ein eigen tiltaksplan. Eit viktig tiltak for å få fleire til å studere i Tyskland, vil vere å utvide stønaden til språkkurs, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Fyrste versjon av tiltaksplanen blei lansert i oktober 2015. Sidan den gongen har fleire tiltak blitt gjennomførte. Regjeringa har støtta ei ny tysklandsstilling hos ANSA, betra språkkursordninga for studentar som ønskjer å studere i Tyskland og gitt meir stønad til skolar som samarbeider med tyske skolar.

I 2017-18 blir ordningane utvida for språkkurs enda meir, slik at studentane skal få stipend også dersom dei ikkje begynner på planlagd utdanning innan ei viss tid etter fullført språkkurs.

-Tyskland er den viktigaste partneren vår i Europa og det er ingenting som tyder på at dette vil endre seg framover. Tiltaket skal fjerne ei siste grense som kan skremme bort einskilde potensielle studentar frå å velje språkkurs og studiar i Tyskland, seier Røe Isaksen.

Elever, lærlingar, studentar, lærarar og forskarar tek del i ei utstrekt utveksling av kunnskap innanfor mange ulike fagområde, og kontakten fører både til fagleg utvikling og gode relasjonar.

- Det er viktig å byggje vidare på den store interessa for samarbeid på norsk og tysk side. Noreg treng kompetanse frå Tyskland og om tysk språk. Derfor har vi sett i gong eit felles lyft med underliggjande etatar og andre samarbeidspartnarar. Det finst fleire moglegheiter i tiltaksplanen, seier Røe Isaksen.

Kunnskapsdepartementet sin Tysklands-strategi oppdatert juli 2017