Historisk arkiv

Vil vurdere pensjonsutfordringane til ideelle leverandørar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Regjeringa vil sette ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere pensjonsutfordringane til ideelle organisasjonar som leverer tenester på helse- og sosialfeltet. Organisasjonane skal involverast i arbeidet.

Regjeringa vil sette ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere pensjonsutfordringane til ideelle organisasjonar som leverer tenester på helse- og sosialfeltet. Organisasjonane skal involverast i arbeidet.

- Ei av dei største utfordringane for ideelle leverandørar av helse- og sosialtenester, er at dei taper anbod i til kommersielle aktørar, på grunn av høgare pensjonskostnader, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.

Ideelle organisasjonar som leverer tenester innanfor helse- og sosialsektoren har ein offentleg tenestepensjonsordning eller ei tenestepensjonsordning som tilsvarar den offentlege. Dette fører med seg at dei har høgare premiekostnader til tenestepensjon enn det kommersielle leverandørar, som dei konkurrer med om offentlege oppdrag, har.

Arbeidet er del av oppfølginga av regjeringa sin samarbeidsavtale med ideell sektor om leveranser av helse- og sosialtjenester. Samarbeidsavtalen anerkjenner at ideell sektor er ein viktig samarbeidspartnar for offentleg sektor i produksjonen av helse- og sosialtenester til befolkninga, og skal bidra til eit betre samarbeid mellom staten og ideell sektor.  Avtalen blei inngått i oktober 2012.

Til toppen