Julekalender 2015: Vinnarar av julequiz 11. 12. og 13. desember er kåra

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnarane av quiz 11. 12. og 13. desember er: Jana Kruse, Jøran Johnsen og Gudbrand Teigen.

Vinnar 11. desember: Jana Kruse

Premien er ei gåvepakke med tangsalt, lynghonning og krydra tyttebære frå Lindesnes fyr. 

Tangsalt, lynghonning og krydra tyttebær.
Tangsalt, lynghonning og krydra tyttebær. Foto: Siri Mathisen/Lindesnes fyr

Spørsmål i quiz 11. desember var: 

Kva heiter det populære brødet dei bakar på Lindesnes fyrstasjon?

Rett svar er: Fyrbrødet

Vinnar 12. desember: Jøran Johnsen

Premien er eit glas plommesyltetøy frå Sjødalstrand Gard.

Plomme frå Sjødalstrand Gård. Foto: Sjødalstrand Gård

Spørsmål i quiz 12. desember var: 

Kva plommesort er hovudsorten i plommesyltetøyet frå Sjødalstrand?

Rett svar er: Opal

Vinnar 13. desember: Gudbrand Teigen

Premien er 3 liter eplemost frå Bråstad epler.

Eplemost frå Bråstad. Foto: Bråstad epler.

Spørsmål i quiz 13. desember var: 

Kor mange liter av eplemosten die produserer på Aske Nordre blir til Braastad elpemost?

Rett svar er: 18000 liter 

Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.

I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud HotellLindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eitt nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Du kan vinne flotte lokalmatprodukter kvar dag.