Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 15. desember er kåra

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 15. desember er: Arne Helbø.

Premien er ei gåvepakke med to flaskar økologisk eplemost.

Produkt frå Dyre gard. Foto: Dyre gard

Spørsmål i quiz 15. desember var: 

Kor mange epletrær vil det finnes på Dyre i 2016?

Rett svar er: 35.000  

Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.

I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eitt nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Du kan vinne flotte lokalmatprodukter kvar dag.