Historisk arkiv

Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 23. og 24. desember er kåra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 23. og 24. desember er: Odd Henrik Johnsen og Bente Nærland Reve.

Vinnar 23. desember: Odd Henrik Johnsen

Premien er gavepakke av lokalprodukter frå Lindesnes Havshotell.

Spørsmål i quiz 23. desember var: 

Korleis starta familien Ubostad si reiselivssatsing?

Rett svar er: Med oldemora sin teltleirplass ved Rosfjordstranden. 

Vinnar 24. desember: Bente Nærland Reve

Premien er tørka reinkjøtt frå Finnmarksrein.

Spørsmål i quiz 24. desember var

I kva område ligg dei reindistrikta som leverer til merkevaren Finnmark Rein?

Rett svar er: Karasjok, Kautokeino, Tana og Varanger.

Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.

I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud Hotell, Lindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eitt nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Du kan vinne flotte lokalmatprodukter kvar dag.