Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 8. desember er kåra

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 8. desember er: Synnøve Kjos Frank.

Premien er tørka reinhjerter frå Hjerttind Rein.

Produkter frå Hjerttind Rein.
Produkter frå Hjerttind Rein. Foto: Hjerttind Rein

Spørsmål i quiz 8. desember var: 

Når må reinoksane slaktast?

Rett svar er: Før dei går i brunst

Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.

I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud HotellLindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eitt nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Du kan vinne flotte lokalmatprodukter kvar dag.