Historisk arkiv

Fjordfiskenemnda blir oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

-Ein milepæl i oppfølginga av Kystfiskeutvalet sitt arbeid, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker etter konsultasjonsmøtet med Sametinget i dag.

-Ein milepæl i oppfølginga av Kystfiskeutvalet sitt arbeid, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker etter konsultasjonsmøtet med Sametinget i dag.

Sametingspresident Aili Keskitalo og fiskeriminister Elisabeth Aspaker vart i dag einige om å opprette Fjordfiskenemnda. Nemnda  skal vere eit rådgivande organ for styresmaktene i fiskerisaker i dei tre nordlegaste fylka, og skal mellom anna gi råd om fastsetting av fjordlinjer. Fjordlinjene avgrensar dei større fartøya sitt fiske inne i fjordane.

-Vi ønskjer å ha nemnda i arbeid så raskt som råd er, og vi legg opp til at medlemmene skal vere nemnde opp innan 1. februar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Sametingspresidenten og fiskeriministeren vart også einige om retningslinjer for konsultasjonar mellom Sametinget og departementet i fiskerisaker.