Presseinvitasjon

Wara besøker Svalbard

Justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP) besøker Svalbard måndag 10. og tysdag 11. september.

Dette er Waras fyrste besøk på Svalbard etter at han vart svalbardminister.

Wara blir teken imot av Sysselmannen på Svalbard, og vil på måndag mellom anna besøke Ny-Ålesund, Sysselmannens tenestefartøy Polarsyssel og helikopterbasen.

Statsråden vil få innblikk i Sysselmannens redningsressursar og få ei orientering om korleis ressursane vart nytta under helikopterulukka 26. oktober 2017.

På tysdag skal Wara møte Longyearbyen lokalstyre, der han vil høyre om utfordringar for Longyearbyen. Dette inkluderer mellom anna ei orientering om skredsituasjonen og utfordringar som føljer av denne. Han skal òg på synfaring av den skredutsette Lia. 

Pressekontakt

Andreas Bjørklund, 412 86 911.

Presse som ønsker å delta må sende e-post til andreas.bjorklund@jd.dep.no.

Til toppen