Historisk arkiv

Webinar om søknadsprosessen til Horisont Europa-prosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

No kan norske aktørar søkje om midlar frå EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Forskningsrådet og Innovasjon Norge inviterer til eit webinar der dei gjev informasjon om moglegheitene til norske forskingsinstitusjonar, bedrifter, offentlege aktørar og frivillige organisasjonar.

Tid: 29. april, kl. 09.00 – 10.00
Arrangementstype
: Gratis digitalt arrangement

Norske aktørar kan bidra til å løysa store samfunnsutfordring innan helse, mat, digitalisering, fornybar energi, klima og samfunnssikkerheit. No kan dei søka på EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, som starta opp 1. januar 2021 med eit foreslått totalbudsjett på 95,5 milliardar euro.

Horisont Europa er delt inn i tre hovuddelar. Utlysingane om samfunnsutfordringane er samla i søyle to. Forskningsrådet og Innovasjon Norge inviterer til ein kickoff-serie som gjev innblikk i kva som ligg i dei ulike tematiske inndelingane i søyle to og moglegheitene for norske forskingsinstitusjonar, bedrifter, offentlege aktørar og frivillige organisasjonar. Deltakarane vil òg få informasjon om støtta dei kan få i søknadsprosessen. Har du spørsmål kan du sende dei inn, så vil dei bli svart på undervegs i sendinga.  På webinaret vil Forskningsrådet og Innovasjon Norge òg ta for seg klynge seks om mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø.

Program:

  • Introduksjon av Horisont Europa
  • Velkommen ved Mari Sundli Tveit, Forskningsrådet og Håkon Haugli, Innovasjon Norge
  • Gjennomgang av moglegheitene i tematisk klynge 6, mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø ved Kristin Dawes, Ingunn Borlaug Lid, Forskningsrådet.
  • Vegen vidare