Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2016:

Ytterlegare 20 millionar til omstillingstiltak på Sør- og Vestlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Hordaland fylkeskommune har fått i oppdrag å organisere eit sør- og vestlandssamarbeid for omstilling av petroleumsrelaterte leverandørbedrifter.

- Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår i statsbudsjettet for 2016 å gi 20 millionar kroner til omstillingsarbeid på Vestlandet, det vil seie frå Agder-fylka til og med Møre og Romsdal. Det er viktig at tiltaka gir god effekt så raskt som mogleg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Den vanskelege situasjonen i petroleumsnæringa har skapt behov for samordna regional innsats på tvers av fylkesgrensene. I omstillingsarbeidet deltek både råka bedrifter, tilsette, Innovasjon Noreg og NAV.

- Hordaland har allereie starta omstillingsarbeidet og er såleis eit føregangsfylke. No er det berre for dei andre fylka å bli med. Vi håpar og trur at satsinga skal vere operativ tidlig neste år, seier kommunal- og moderniseringsministeren.

Leverandørindustrien som blir råka av den globale nedturen i petroleumsnæringa har aktivitet i og er lokalisert i fleire fylke, dei fleste på Sør- og Vestlandet. For å møte utfordringane som bedriftene no har, er det difor behov for å få til ein koordinert og samordna innsats på tvers av fylkesgrensene. Aktuelle tiltak kan vere knytt til:

  • Tettare samarbeid mellom bedrifter for å få til fellestiltak retta mot nye marknader nasjonalt og internasjonalt.
  • Undervisning og etterutdanning for arbeidstakarar som skal omstillast til nye yrke og jobbar.
  • Ekstraordinære midlar for å behalde kompetansen i næringane.
  • Personar som vil starte eigen bedrift.

I tiltakspakka for å auke sysselsettinga, foreslår regjeringa òg eit tilskot på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg i kommunane. Midlane kjem i tillegg til veksten i inntektene til kommunesektoren.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon 22 24 25 00