Ytterlegare 5 millionar kroner til Musikkorpsenes år 2018

2018 har fått offisiell status som Musikkorpsenes år. I 2016 fekk Norges Musikkorps Forbund 5 millionar kroner frå spelemidla til planlegging og gjennomføring. No gjer regjeringa ytterlegare 5 millionar kroner til føremålet.

Det er to sentrale jubileum knytt til musikkorps i 2018. Det er 100 år sidan Norges Musikkorps Forbund blei stifta og det er 200 år sidan ordninga med militærkorps blei oppretta.

- Eg gler meg til det store året for musikkorpsa i 2018. Lokale og frivillige kulturtilbod er ein sentral del av grunnmuren i norsk kulturliv. Korpsrørsla er viktig for det frivillige kulturlivet, og sikrar talentutvikling og rekruttering av profesjonelle musikarar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Løyvinga på 5 millionar kroner i 2017 skal bidra til å utvikle samarbeidet med andre kulturaktører og opne for fleire regionale og lokale prosjekt. Kulturdepartementet føreset at NMF vil arbeide for privat medfinansering til gjennomføringa av året. Samla beløp frå speleoverskotet er på 10 millionar kroner til saman for 2016 og 2017.