Pensjonstrygda for sjømenn / Pensjonstrygden for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn omfattar, etter hovudregelen, norske sjømenn og personar med fast bustad i Noreg som er arbeidstakarar på norskregistrerte skip.

Pensjonstrygda for sjømenn er ei særskild lovbestemt offentleg tenestepensjonsordning som er tilpassa folketrygda. Ordninga har som hovudformål å yte sjømannspensjon (alderspensjon) mellom 60 og 67 år.
Pensjonstrygda blir finansiert ved avgifter frå sjømenn og reiarlag og ved tilskot frå staten. Trygda høyrer administrativt inn under Arbeids- og sosialpartementet (frå 1.1.2006).

Pensjonstrygda blir leidd av eit styre med medlemer frå sjømenna og reiarlaga sine organisasjonar. Administrasjonen, som er lokalisert i Oslo, har som hovudoppgåve å krevje pensjonsavgifter og å sørgje for at alle som har rett til sjømannspensjonar får betalt til rett tid.

Tildelingsbrev og årsrapporter

Tildelingsbrev og årsrapportar for underliggjande verksemder er tilgjengeleg på denne sida.

Nettside

Nettside: http://www.pts.no/