Riksmeklaren/Riksmekleren

Institusjonen si oppgåve er å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, dvs. tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Verksemda blir leia av riksmeklaren.

Meklingsinstitusjonen er oppretta med heimel i lov 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvistar. Institusjonen si oppgåve er å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, dvs. tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar.

Verksemda blir leia av riksmeklaren, som blir vald for tre år. Det blir også valt faste meklarar for bestemte kretsar. Det er seks slike kretsmeklarar, nærmare bestemt for Austlandet (2), Sørlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Kretsmeklarane meklar hovudsakleg i lokale tvistar. Arbeidstvistlova opnar også for at det kan veljast særskilde meklarar for bestemte saker eller tidsrom. Det er for tida vald ti særskilde meklarar. Desse, saman med fleire av kretsmeklarane, meklar i tvistar på nasjonalt nivå for å unngå at det blir for lang ventetid i meklingsinstitusjonen.

For ytterlegare informasjon og oversikt over meklarkorpset, sjå nettsida til Riksmekleren.

Tildelingsbrev og årsrapportar

Tildelingsbrev og årsrapportar for underliggjande verksemder er tilgjengeleg på denne sida.

Nettside

Nettside: http://www.riksmekleren.no/