Varselutvalet

Utvalet skal ha full gjennomgang av varselordningane til Helsetilsynet og Ukom. Utvalet skal sjå på korleis ordningane blir praktiserte i dag, og korleis dei blir følgt opp av verksemdene, Helsetilsynet og Ukom, i tillegg til kva konsekvensar dette har for Statsforvaltaren.

Regjeringa meiner det er naudsynt med ei vurdering av kva som er utfordringane med dagens ordning. Det betyr at utvalet skal vurdere om og i kva grad varselordningane fungerer etter formålet.

Utvalet hadde sitt første møte 3. mai. Dei skal sjå om det er behov for endringar, og eventuelt kome med konkrete forslag til tiltak for å betre ordningane. Dei skal også utarbeide forslag til endringar i organisering, roller, ansvar og regelverk dersom dei ser at det trengs. 

Utvalet blir leia av Stein A. Ytterdahl og er sett saman av personar som har pasient-, brukar- og pårørandeerfaring, naudsynt helsefagleg kompetanse, kompetanse på pasientsikkerheit, kvalitetsarbeid og varselordningane i helse- og omsorgstenesta. Det er også juridisk kompetanse blant medlemane, særleg innanfor forvaltnings- og helserett.

Utvalet består av følgande medlem:

  • Stein A. Ytterdahl, pensjonist, tidlegare statsforvaltar i Agder og tidlegare ordførar i Farsund (leiar)
  • Per Oretorp, FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) ved assisterende generalsekretær i Personskadeforbundet LTN
  • Jannicke Bruvik, koordinerande Pasient- og brukarombod 
  • Jan Helge Dale, kommunelege og fastlege i Kinn kommune
  • Tove Hovland, seniorrådgjevar i Tønsberg kommune i avdeling: Kvalitet og internkontroll og tidlegare kommunaldirektør
  • Tonje Elisabeth Hansen, fagsjef på Nordlandssykehuset
  • Jan Petter Odden, fagdirektør ved Lovisenberg Diakonale sykehus
  • Gro Berntsen, professor ved Norwegian Centre for E-health Research 
  • Kristin Cordt-Hansen, ass. direktør i DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap)
  • Charlotta George, sakkynding i pasientsikkerheit ved Socialstyrelsen i Sverige