Ansvarsområde og oppgåver i JD

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap, kriminalitet og kriminalomsorg, innvandring og integrering, domstolar, lovarbeid og polarområda.

Departementet har omkring 400 tilsette fordelt på ni avdelingar og to einingar. 

Hovuddelen av dei tilsette er juristar, samfunnsvitarar og økonomar.

Som fagleg sekretariat for politisk leiing, bidreg vi med det faglege grunnlaget for utvikling, formidling og gjennomføring av regjeringa sin politikk. Departementet utarbeider handlingsplanar og strategiar, proposisjonar og meldingar, lover og forskrifter. Vi utarbeider statsbudsjettet for JD og skal sikre god økonomistyring internt og i justissektoren.Totalbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner.

Departementet publiserer eget årsregnskap samt tildelingsbrev og årsrapporter fra underliggende virksomheter på regjeringen.no.

Tre kjeder

Departementet sine ansvarsområde kan summerast som tre kjeder: Straffesakskjeda, asylkjeda og samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda.

Straffesakskjeda

Straffesakskjeda omfattar politiet og påtalemakta sitt arbeid med å førebyggje, etterforske og løyse kriminalitet, domstolane si iretteføring og kriminalomsorga si straffegjennomføring og tilbakeføring til samfunnet etter soning.

Samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda

Som ansvarleg for samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda skal departementet ha kunnskap og oversikt over risiko og sårbarhet og sørgje for at heile sektoren har tilstrekkeleg beredskap og evne til krisehandtering. Departementet har ansvar for effektiv og målretta førebygging, og gjennomføring og læring av erfaringar frå øvingar og hendingar. Kjeda er kjenneteikna av mange aktørar som varetek ulike delar av beredskapen, medrekna nødetatane, Sivilforsvaret, fylkesmannen, kommunane, fylkeskommunane, Forsvaret, private aktørar og frivillige organisasjonar.

Asylkjeda

Asylkjeda består av dei institusjonane som blir involverte i asylprosessen. Det vil seie frå ein person vurderer å forlate heimlandet sitt for å søkje asyl, til ein tidlegare asylsøkjar med opphaldsløyve inngår som ein ordinær innbyggjar i ein kommune, eller ein tidlegare asylsøkjar med avslag forlèt Noreg.

Hovudvekta av verkemiddel tilknytt asylkjeda, for eksempel mottak, søknadsbehandling og uttransportering er å finne under Justis- og beredskapsdepartementet sine ansvarsområde.

Departementet har i tillegg ansvar for integreringspolitikken, som skal syte for at innvandrarar og borna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet.