Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker / Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

Gjenopptakingskommisjonen avgjer om ein domfelt med rettskraftig dom skal få behandla saka si på nytt av retten. Kommisjonen er uavhengig av politiet, påtalemyndigheita og domstolane.

Gjenopptakingskommisjonen skal sikre ei objektiv vurdering av om vilkåra for gjenopning er oppfylte, og kan ikkje instruerast om utøvinga av den myndigheita han er gitt.

Gjenopptakingskommisjonen blir leia av Siv Hallgren, og består av fem faste medlemmer og tre varamedlemmer. Kommisjonen vart oppretta i 2004.

Dei viktigaste grunnane til at ei straffesak skal få ny handsaming, er:

  • Det ligg føre nye bevis eller nye omstende som kan vere eigna til å føre til frifinning eller gi mildare straff.
  • Ein internasjonal domstol eller FNs menneskerettskomité har funne at avgjerda eller saksbehandlinga som ligg til grunn for avgjerda, er i strid med folkeretten, slik at det er grunn til å anta at ei ny behandling av straffesaka vil føre til eit anna resultat.
  • Nokon som har vore sentral i saka, har gjort seg skuldig i eit straffbart forhold knytt til saka, og ein ikkje kan utelukka at dette har hatt innverknad på dommen. Til dømes at bevis er forfalska, eller at vitne bevisst har gitt urett forklaring.
  • Det ligg føre særlege forhold som gjer det tvilsamt om dommen er rett, og tungtvegande omsyn taler for at skuldspørsmålet blir prøvd på nytt.

I straffeprosesslova kapittel 27 står reglane om Gjenopptakingskommisjonen og om vilkåra for gjenopning.  

Nettside: https://www.gjenopptakelse.no/