Forskingsavdelinga

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for forskingspolitikken. For avdelinga inneber det blant anna å  samordne saker som gjeld forsking på tvers av departementa.

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for forskingspolitikken. For Forskingsavdelinga inneber det blant anna å utarbeide stortingsmeldingar om forsking og å samordne saker som gjeld forsking på tvers av departementa. Det gjeld særleg løyvingar til forsking og utviklingsarbeid over statsbudsjettet. 

Forskingsavdelinga har forvaltningsansvaret for Noregs forskingsråd, og har òg ansvaret for generelle løyvingar til grunnforsking, strategiske satsingar og forskingsinfrastruktur gjennom Forskingsrådet. 

I tillegg til eit overordna ansvar for politikken for internasjonalt forskingssamarbeid, har avdelinga òg ansvaret for løyvingar til internasjonale forskingsorganisasjonar og -program, der det mest omfattande er EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020.

Avdelinga har ansvaret for forskingsetikklova (lov om behandling av etikk og redelighet i forsking) og for dei nasjonale forskingsetiske komiteane. 

Forskingsavdelinga samordnar instituttpolitikken og har eit overordna ansvar for den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutt, der Kunnskapsdepartementet fastset retningslinjer for ordninga. Vidare har departementet ansvaret for løyvingane til institutta på den samfunnsvitskaplege arenaen i ordninga. 

Forskingsavdelinga har òg ansvaret for dei regionale forskingsfonda, og eit overordna ansvar for forskingsprisane Ludvig Holbergs minnepris, Niels Henrik Abels matematikkpris og Kavliprisane.