Utval skal sjå på vidaregåande opplæring

Utvalet skal blant anna vurdere om strukturen og innhaldet i vidaregåande opplæring gir elevane dei beste føresetnadane for å lære og fullføre vidaregåande. Gruppa skal også sjå på om opplæringa gir elevane kompetansen dei treng for å delta i samfunnet.

Utvalet som skal sjå på vidaregåande opplæring blei sett ned i statsråd fredag 1. september 2017.

Unio-leiar og tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, skal leie utvalet. Ho har lang erfaring som lektor i vidaregåande skole. 

Medlemmar i utvalet:

  • Ragnhild Lied, leiar (Stranda)
  • Anna Hagen Tønder, forskar (Oslo)
  • Vidar Lande, senior HR-rådgjevar (Kongsberg)
  • Olav Myklebust, lektor (Volda)
  • Siri Halsan, spesialrådgjevar (Oslo)
  • Sylvia Lind, student (Tromsø)
  • Kristine Novak, rektor (Slemmestad)
  • Jon Arve Eide, fylkesutdanningssjef (Eidsvoll)
  • Liv Charlotte Bjørnson, studierektor (Arendal)
  • Odd Inge Strandheim, rektor (Vikhammer)
  • Tine Sophie Prøitz, forskar (Moss)
  • Anders Bakken, forskar (Oslo)
  • Gjermund Viste, rektor (Nærbø)

 Mandat offentleg utvalg videregåande opplæring.pdf