Ekspertutval om inntektssystemet for fylkeskommunane

Utvalet skal gjere ei heilskapleg vurdering av inntektssystemet for fylkeskommunane, med særleg vekt på utgiftsutjamninga.

Utvalet skal leggje til grunn at systemet skal medverke til at fylkeskommunane kan tilby likeverdige og gode tenester til innbyggjarane. Inntektssystemet skal framleis jamne ut både skatteinntekter (inntektsutjamning) og ufrivillige kostnadsforskjellar (utgiftsutjamning). 

Utvalet skal levere utgreiinga si i form av ein rapport til departementet innan 1. desember 2022.

Mandat for ekspertutvalet (pdf)

Om Ekspertutval om inntektssystemet for fylkeskommunane

Opprettet: 2022

Opphørt: 2022

Type: Utvalg

Kontakt

Postadresse: Akersgata 59

Hovedpunkt i mandatet/ Arbeidsområde:

Utvalet skal gjere ei heilskapleg vurdering av inntektssystemet for fylkeskommunane, med særleg vekt på utgiftsutjamninga. Utvalet skal leggje til grunn at systemet skal medverke til at fylkeskommunane kan tilby likeverdige og gode tenester til innbyggjarane. Inntektssystemet skal framleis jamne ut både skatteinntekter (inntektsutjamning) og ufrivillige kostnadsforskjellar (utgiftsutjamning). Utvalet må vurdere omsynet til enkelheit opp mot målet om eit rettferdig og treffsikkert system. På den eine sida bør systemet vere så enkelt og gjennomsiktig som mogleg. På den andre sida kan det vere nødvendig å ta høgde for ei rekkje ulike forhold for å sikre ei treffsikker og rettferdig fordeling, og det kan gjere systemet meir komplekst. Eit anna sentralt omsyn er at inntektene bør vere stabile og føreseielege, sidan inntektene blir brukte til å finansiere viktige velferdstenester som ikkje bør variere mykje frå år til år. Departementet ber utvalet om vege desse omsyna opp mot kvarandre i utforminga av forslaget til nytt inntektssystem. Utvalet skal sikre at både fylkeskommunane og relevante departement, statlege etatar og interesseorganisasjonar blir involvert undervegs i arbeidet, til dømes gjennom referansegrupper og informasjonsmøte. Utvalet skal levere utgreiinga si i form av ein rapport til departementet innan 1. desember 2022. Under følgjer ein nærmare omtale av dei ulike delane av oppdraget.

Full mandattekst Ekspertutval om inntektssystemet for fylkeskommunane

Aktive medlemmer (pr. 25.03.2022)

  • Trond Erik Lunder (leder)
  • Grethe Hjelle (medlem)
  • Gunn Randi Seime (medlem)
  • Knut Moum (medlem)
  • Ole Stian Søyseth (medlem)
  • Ole Henning Nyhus (medlem)
  • Sveinung Salat (medlem)
  • Silvia Johanne Olsen (medlem)