Statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp)

Statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet

E-post: postmottak@kld.dep.no
Telefon: 22 24 57 03

Født: 1989
Tiltrådte: 22.10.2021

Aleksander Øren Heen (SP) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Yrkeserfaring:

  • Eg har sidan fylkestingsvalet i 2019 vore gruppeleiar i Vestland SP. Sidan 2019 har eg vore dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling AS og i Øyraplassen 14 AS.
  • Dei siste 10 åra har eg og vore sjølvstendig næringsdrivande som byggmeister, men med varierande oppdragsmengde grunna folkevalde verv.
  • Frå 2016 til 2019 var eg politisk rådgjevar for Senterpartiet si Stortingsgruppe, transport og kommunikasjon.
  • Før det var eg prosjektkoordinator for Lærdal Næringsutvikling og byggeleiar i Hedalm Anebyhus.
  • Eg har og jobba som tømrar,  landbruksavløysar og som beiteoppsyn.

Utdanning

  • Eg fekk meisterbrev som bygg-/tømrarmeister i 2014.
  • Før det tok eg tok fagskolen i Oslo, avdeling bygg, byggingeniør/byggteknikar, og sveinebrev i tømrarfaget.

Verv

  • Eg har vore vararepresentant til Stortinget sidan 2013.
  • Dei siste åra har eg vore medlem i fylkesutvalet og fylkestinget i Vestland, og medlem Årdal kommunestyre. Eg har leia Årdal Senterparti sidan 2013.
  • Eg var gruppeleiar for Senterpartiet si fylkestingsgruppe i Vestland og styremedlem i Hordaland SP og i Sogn og Fjordane SP sidan 2019.
  • Eg har tidlegare vore styremedlem for Senterpartiets stortingsgruppe og medlem i Senterpartiets programkomite        
  • Eg har sidan 2019 vore leiar i Årdal Fjellstyre og i Vestlandsforsking. Sidan 2016 har eg leia Rovviltnemnda i region 1.
  • Eg har også vore medlem i stamvegutvalet E16 og i styret i Årdal Energi Holding AS
  • Eg vart tidlegare medlem i Jotunheimen nasjonalparkstyre, Hallingskarvet nasjonalparkstyre og Årdal Fjellstyre.