Statssekretær Sveinung Rotevatn (V)

Adresse: Kongensgate 20, Postboks 8013 Dep , 0030 Oslo
E-post: [email protected]
Telefon: 22 24 57 09

Født: 1987
Tiltrådte: 12.10.2018

Sveinung Rotevatn blei utnemnt som statssekretær i Klima- og miljødepartementet 12. oktober 2018. Han fikk samstundes avskil frå embetet som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet. 

Sveinung Rotevatn blei utnemnt som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet 17. januar 2018.

Han kom frå ei stilling som advokatfullmektig i Steenstrup Stordrange DA.

Rotevatn var representant for Sogn og Fjordane Venstre på Stortinget i perioden 2013-2017. Før dette var han leiar i Unge Venstre (2010–2013).

Rotevatn har hatt ei rekkje verv i Venstre, mellom anna som representant i Eid kommunestyre, medlem av sentralstyret og 1. nestleiar. Han har og vore styremedlem i fylkeslaget og økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre.

Til toppen