CO2-kompensasjonsordningen for industrien (Kap. 1420 post. 74)

Mål for ordninga og målgruppe

CO2-kompensasjonsordninga kompenserer kraftkrevjande og konkurranseutsett industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Formålet med ordninga er å redusere faren for karbonlekkasje frå Europa og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på ESAs retningslinjer for CO2-kompensasjon, som opnar for statsstøtte til utvalde industrisektorar som er vurderte som særleg utsette for karbonlekkasje. Den tidlegare norske CO2-kompensasjonsordninga vara fram til 31. desember 2020. Eit forslag til ny forskrift om CO2-kompensasjon er sendt på offentleg høyring av Miljødirektoratet på vegne av Klima- og miljødepartementet, med høyringsfrist 8. januar 2022.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ordninga gir støtte til industriverksemder som er særleg kraftkrevjande og konkurranseutsette og omfattar industriverksemder i 10 sektorar og 20 undersektorar som det etter ESAs retningslinjer er mogleg å gje støtte. Dette inkluderer mellom anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. I tillegg har Noreg vore i dialog med ESA for å få inkludert ytterlegare to sektorar i den norske ordninga, det vere seg produksjon av andre organiske kjemiske råvarer og produksjon av gjødsel, nitrogensambindingar og vekstjord.

Ordninga gjeld for perioden frå 1. januar 2021 til 31. desember 2030. EU-kommisjonen og ESA kan endre retningslinjene for CO2-kompensasjon når dei ser det nødvendig. Ei endring i retningslinjene kan bety at den norske forskrifta må endrast tilsvarande.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Eit forslag til ny forskrift om CO2-kompensasjon er sendt på offentleg høyring av Miljødirektoratet, sjå her: Forslag til forskrift om CO2-kompensasjon for industrien - Miljødirektoratet

Ein ny norsk kompensasjonsordning må notifiserast og godkjennast av ESA før den kan tre i kraft.