Enova SF (Kap. 1428 post 50)

Mål for ordninga og målgruppe 

Klima- og miljødepartementet styrer Enova på eit overordna nivå, hovudsakleg gjennom fireårige styringsavtalar om forvaltning av midlane i Klima- og energifondet. I avtala for 2021-2024 er Enova og Klima- og energifondet sitt formål å medverke til å nå Noreg sine klimaforpliktingar og medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet. 

Målgruppa er bedrifter i alle sektorar i privat næringsliv og offentlege verksemder. I tillegg kan privatpersonar få tilskot til tiltak som medverkar til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet.. 

Kva for tiltak kan få tilskot  

Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, og skal prioritere innsatsen der høvet til å påverke utviklinga er størst og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Innafor ramma av styringsavtala er det opp til Enova å prioritere mellom område, utvikle program og tildele støtte til enkeltprosjekt. 

For komplett oversikt over dei ulike programma, og kva for type prosjekt og tiltak som kan få støtte, sjå heimesida til Enova.  

Søknadsfrist og sakshandsaming 

Sjå heimesida til Enova for meir informasjon.