Særleg omtale av tilskot til reisestøtte til deltaking for norske frivillige klima- og miljøorganisasjonar på internasjonale klima- og miljømøte i 2024

Det er satt av inntil 575 000 kroner i tilskot til reiseutgifter knytt til deltaking på internasjonale klima- og miljømøte i 2024.

Målgruppe for ordninga

Målgruppe for reisestøtte er norske frivillige organisasjonar med arbeidsfelt innan klima- og miljøområdet som følgjer internasjonalt klima- og miljøarbeid.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det er ønske om ei brei demokratisk deltaking på møta. Dette vil mellom anna gjelde på FN-møte som partsmøte under klimakonvensjonen og møte i FNs miljøprogram.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no

Søknaden skal innehalde ei grunngjeving for deltakinga, og eit budsjett for transport og overnatting. Klima- og miljødepartementet vil ha ein kortfatta rapport frå deltakinga samt eit rekneskap innan 1. februar 2025.

Søknadsfristen er 1. mars 2024.