Særleg omtale av tilskot til reisestøtte til deltaking for norske frivillige organisasjonar på internasjonale klima- og miljømøte i 2023
Artikkel | Sist oppdatert: 22.11.2022 | Klima- og miljødepartementet
Det er satt av inntil 500 000 kroner i tilskot til reiseutgifter knytt til deltaking på internasjonale klima- og miljømøte i 2023.
Målgruppe for ordninga
Målgruppe for reisestøtte er norske frivillige organisasjonar med arbeidsfelt innan klima- og miljøområdet som følgjer internasjonalt klima- og miljøarbeid.
Kva for tiltak kan få tilskot
Det er ønske om ei brei demokratisk deltaking på møta. Dette vil mellom anna gjelde på FN-møte som partsmøte under klimakonvensjonen og møte i FNs miljøprogram.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no
Søknaden skal innehalde ei grunngjeving for deltakinga, og eit budsjett for reise og opphald. Klima- og miljødepartementet vil kunne krevje ein kortfatta rapport frå deltakinga.
Søknadsfristen er 1. mars 2023.