Tilskot til frivillige klima- og miljøorganisasjonar samt klima- og miljøstiftelsar (Kap. 1400 post 70)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for klima- og miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Tilskotsordninga gjeld for frivillige klima- og miljøorganisasjonar med over 5000 medlemmer (barne og ungdomsorganisasjonar over 3000 medlemmar) og klima- og miljøstiftingar av nasjonal betydning, med hovudmål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.

Midlane blir fordelte utelukkande etter objektive kriterium.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot.

Kor skal søknaden sendast og søknadsfrist

Søknadsfristen for 2023 er 1. juni 2022. For ytterlegare informasjon om innhald i søknaden kontakt Klima- og miljødepartementet ved postmottak.

Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet.