Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Norske fjellområde har særskilde utfordringar og moglegheiter.

Fjellområda har særeigne utfordringar for næringsutvikling og verdiskaping. Det er difor oppretta ei satsing for fjellområda for perioden 2013–2017.

Målet med satsinga Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda er å styrke næringsutvikling og verdiskaping i fjellområdene gjennom kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon i næringslivet. Midlane skal brukast til innsats på tvers av fylkeskommunane. Oppland fylkeskommune har det overordna ansvaret for forvaltninga av midlane. Tiltaket starta i 2013.

Definisjon av fjellområder

Utgreiinga ”Fjellområder og fjellkommuner i Sør-Norge” avgrensar fjellområda og fjellkommunar i Sør-Noreg (Østlandsforskning 08/2010). Fjellområda er definerte til område som ligg på 700 moh. (600 moh. i Nord-Trøndelag) og høgare, noko som tilsvarar grensa for produktiv skog. Ved bruk av denne definisjonen er 42 % av landarealet i Sør-Noreg fjellområde. Kommunar med meir enn 50 % av arealet innanfor eit fjellområde blir definert som fjellkommune, noko som betyr at 77 kommunar i Sør-Noreg er fjellkommunar. 5,8 % av folket i Sør-Noreg er busett i desse kommunane. Det er 36 kommunar som blir definerte som tilliggande fjellkommunar. Dette er kommunar som grensar til fjellkommunar med fjellområde som utgjer mindre enn 50 % av kommunen sitt areal, men kor fjellområda har vesentleg påverknad på forvaltninga av eit større fjellområde i kraft av beitebruk, fritidsbustadbygging, verneområde og energilandskap/-produksjon. Utgreiinga synar og at fjellområda har mange av dei same utfordringane som andre distriktsområde i Sør-Noreg. Fjellområder og fjellkommuner i Sør-Norge (Østlandsforskning 2010)