Datatilsynet

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Datatilsynet vart oppretta 1. januar 1980, og er eit uavhengig forvaltningsorgan administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Etaten er både tilsyn og ombod i personvernsaker.

Oppgåvene til Datatilsynet følgjer av personopplysningslova med forskrifter og ei rekke andre lover som gjeld personvern.

Tilsynet skal sjå til at personopplysningar vert behandla i samsvar med regelverket, og at feil og manglar vert retta. Datatilsynet skal òg gi råd til privatpersonar og næringsdrivande om behandling og sikring av personopplysningar, vere høyringsinstans i saker om personvern, ta del i internasjonalt personvernarbeid og vere aktiv i offentleg ordskifte om personvernrelaterte saker.

Datatilsynet behandlar søknader om konsesjon for behandling av personopplysningar etter personopplysningslova § 33 og fører ein offentleg tilgjengeleg oversikt over behandling av personopplysningar som er meldt til tilsynet etter personopplysningslova § 31. Ei fullstendig liste over oppgåvene til Datatilsynet finn du i personopplysningslova § 42.


Tildelingsbrev og årsrapportar

Nettside: http://www.datatilsynet.no/