Mandat for Merkur-programmet

Mål for Merkur-programmet

Merkur- programmet er forankra i regjeringa sitt hovudmål 3 om distrikts- og regionalpolitikken. Hovudmål 3 er å "Utvikle attraktive regioner og senter for befolkning og næringsliv". Delmål 3.1 er direkte retta mot Merkur- programmet og er utforma på følgjande vis: "Styrke tilgangen til tjenester for befolkningen i områder med få innbyggere og små markeder".

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å støtte opp om og utvikle butikkar i distriktsområde. Målet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgong til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Programmet skal arbeide for at butikkdrivarar får auka butikkfagleg kompetanse. Programmet skal vidare arbeide for at daglegvarebutikkane kan få tilleggstenester som aukar lønsemda i butikken, og som gir innbyggarane i lokalsamfunnet samla sett betre tenester. Merkur- programmet skal også vere med på å auke forståinga i lokalsamfunnet for daglegvarebutikken si rolle og tyding, og dermed styrke butikken som sosial arena.

Innhald i Merkur-programmet

Hovuddelen av Merkur-programmet er kompetanseutvikling for butikkdrivarar. I dette ligg det hovudprogram, besøksordning, regionale konferansar og nettverksarbeid. Berre fullverdige daglegvarebutikkar i distrikta som er opne heile året kan bli med i Merkur- programmet. Investeringstøtteordningane retta inn mot daglegvarebutikkar i distrikta er ein del av Merkur-programmet. Dette gjeld både investerings- og utviklingsstøtta og investeringsstøtteordninga for å sikre drivstofftilgongen i distrikta.

Styret sine oppgåver og rolle

Styret for Merkur-programmet skal sørgje for at Merkur-programmet blir drive på best mogleg vis. Styret har det overordna ansvaret for drifta av Merkur. Styret skal gje strategiske føringar for det daglege arbeidet i Merkur-programmet. Dette skal skje gjennom å følgje opp drifta av programmet, gje styringssignal til sekretariat og vidare til konsulentapparat. I dette ligg det og at styret kan sette i gang utgreiingsarbeid og delta i utviklingsarbeid som kan auke kompetansen på felt som er relevante for å nå måla for Merkur.

Styret skal arbeide utadretta mot ulike samarbeidsaktørar som har tyding for Merkur-butikkane, slik som mellom anna kommunar, daglegvarekjedene, Posten, Norsk Tipping og Innovasjon Noreg

Styret skal prioritere ressursene i Merkur-programmet. Styret skal fordele ressursar mellom dei ulike delene av Merkur-programmet, og mellom det ordinære Merkur-programmet (kompetanseprogrammet) og investeringsstøttemidlane. Dette gjeld i høve til kva område, både geografisk, tematisk og organisatorisk, som bør prioriterast for å sikre best måloppnåing.

Styret skal sørgje for at Merkur-programmet har eit kompetent konsulentapparat som dekkjer alle delar av landet, og samla har kompetanse på relevante faglege spørsmål for butikkane, slik at butikkdrivarar kan få assistanse frå Merkur-apparatet.

Sekretariatet sine oppgåver og rolle

Dagleg leiar er ansvarleg for den daglege drifta av Merkur-programmet, avtaleinngåing og øvrig kontakt med butikkkonsulentane, samarbeid med relevante aktørar, og å legge til rette for styrets arbeid. Dagleg leiar skal, i samarbeid med resten av sekretariatet, førebu saker for styret i samråd med styreleiar. Dagleg leiar har ikkje røysterett i styret.

Sekretariatet forbereder styremøtene. Sekretariatet skal sørgje for at aktuelle saker kjem opp, lage saksutgreiingar, og sende ut alle sakspapir på førehand til styremøta.

Sekretariatet er ansvarleg for at det finnes eit kompetent konsulentkorps av Merkur- konsulentar som følgjer opp dei enkelte Merkur- butikkane. Oppdraget som Merkur- konsulent skal kontraktsregulerast, og oppdraget blir gitt for inntil fire år om gongen etter utlyst konkurranse om oppdraget. Sekretariatet skal følgje opp alle konsulentane i deira daglege arbeid. I dette ligg det å formidle styringssignal, vedtak og strategiar frå styret til konsulentane, og bidra med hjelp på regionale samlingar, kurs og anna verksemd konsulentane gjer. Merkurkonsulentane skal vere til stades i butikkane ved behov, og ha lokal kunnskap.

Sekretariatet skal synleggjere resultata av Merkur- programmet overfor målgruppene. Sekretariatet skal også bidra til at departementet får synleggjort resultata av innsatsen ved behov.

Sekretariatet skal levere årsrapport og revisorgodkjent rekneskap for Merkur- programmet og investeringsstøtteordningane kvart år. Fristar blir fastsett i oppdragsbrevet frå departementet.

Investeringsstøtteordningane

Sekretariatet for Merkur- programmet forvaltar investeringsstøtteordningane på vegne av KMD. I desse sakene fattar sekretariatet enkeltvedtak. I saker der det er tvil, kan sekretariatet be styret for Merkur om deira vurdering. Då er det styret som fattar endeleg vedtak.

Sekretariatet skal sørgje for at investeringsstøtteordningane fungerer godt, følgje opp sakshandsaminga og etablere og drifte gode system for sakshandsaming, rapportering og oppfølgjing, i tråd med Staten sine reglar for økonomiforvaltning. Sekretariatet skal og sørgje for at dei økonomiske midlane vert brukt mest mogleg målretta, og at administrasjonen er kostnadseffektiv.

Departementets rolle
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har det overordna ansvaret for Merkur- programmet. KMD fastsett regelverk og retningslinjer og sikrar finansiering av Merkur- programmet og investeringsstøtteordningane. I det årlege oppdragsbrevet legg departementet rammene for arbeidet med Merkur- programmet og investeringsstøtteordningane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet kjøper pt sekretariatstenester for forvaltning og administrasjon av Merkur-programmet. Sekretariatet skal stå for dagleg drift, innanfor dei rammene som er sett for arbeidet. Drifta av Merkur-programmet vert lyst ut i ein open konkurranse. Kontraktsperioden er tre år, med høve til å forlenge perioden med eitt år.

KMD har ansvar for å oppnemne nytt styre for Merkur-programmet ved kvart årsskifte. Omlag halve styret står på val ved kvart årsskifte. Styret skal ha ei samansetting som sikrar minimum 40 % representasjon av kvart kjønn, at det er ei god geografisk fordeling, og at ulike aktørar som er relevante for Merkur sitt arbeid er med. Styret skal ha 8 medlemmer.

Styret skal ha ein leiar og ein nestleiar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppnemner ein leiar. Styret sjølv avgjer kven som skal vere nestleiar. Styrerepresentantane får styregodtgjering etter statens satsar for styrearbeid. Dersom eit styremedlem trekkjer seg i perioden, skal Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppnemne eit nytt fast medlem som erstatning. Kommunal- og moderniseringsdepartementet møter som observatør i styret.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er klageinstans for investeringsstøtteordningane. I saker der styret vert involvert i konkret sakshandsaming knytt til investeringsstøtteordningane, skal ikkje KMD sin observatør i styret vere til stades.

KMD har ansvaret for å kalle inn til styringsdialogmøter to gonger i året.