Avdeling for tru, livssyn og kulturvern

Avdelinga har ansvar for trus- og livssynspolitikken og det overordna ansvaret for Opplysningsvesenets fond og krigsgravtenesta. Utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta arkiv, bibliotek, litteratur og språk ligg og til denne avdelinga, og koordinering av internasjonale saker på kulturområdet. Avdelinga forvaltar organ og institusjonar, blant anna tilskotsordninga til Den norske kyrkja, samt lover og regelverk innanfor desse felta.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • TK1

    Har ansvar for etatsstyring og kulturvern.

  • TK2

    Har ansvar for sakene innanfor trus-og livssynspolitikken.