Kunst- og museumsavdelinga

Kunst- og museumsavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta musikk, scenekunst, visuell kunst, museum og andre kulturvernsaker. Kultur og næring, kunstnarøkonomi, barne- og ungdomskultur, kulturbygg, frivillig kulturliv, samiske kulturformål og kultur i nordområda sorterer òg inn under ansvarsområda til avdelinga. Avdelinga forvaltar løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar, og lover og regelverk innanfor ovannemnde felt.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • KM2

    Eininga har ansvar for museumsformål, visuell kunst, allmenne kulturformål, kunstnarforhandlinger, kunstnarøkonomi, kulturbygg og samiske saker.

  • KM1

    Seksjonen har ansvar for musikk, scenekunst, kultur og næring, barne- og ungdomskultur, den kulturelle skulesekken, frivillig kulturliv og kultur i nordområda.