Utval: samordning av lov om forbod mot profesjonell boksing og lov om organisert kampaktivitet som tillét knockout

Innstillinga frå utvalet vart levert til Kulturdepartementet 1. mars 2013.

Kulturdepartementet har avventa eit innspel frå Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité og endeleg vedtak om regelendringar frå Det internasjonale amatørbokseforbundet (AIBA). Idrettsstyret har foreslått overfor Kulturdepartementet å oppheve lov om forbod mot profesjonell boksing. Idrettstyret meiner profesjonell boksing bør regulerast i lov om organisert kampaktivitet som tillét knockout.

Utvalet ble leia av advokat Kristin Veierød. Utvalet vurderte om det er mogeleg og konsekvensane av det å gjennomføre vedtaket i Idrettsstyret. Innstillinga frå utvalet vart levert til Kulturdepartementet 1. mars 2013.    

 
Overlevering av knockoututvalgets vurdering. Henriette Hillestad Thune, Kjartan Pedersen Gurholt, Kristin Veierød (utvalgets leder), Niels R. Kiær, Åsmund Berge og Mina Gerhardsen
(Foto: KUD/Wenche Nybo)

Medlemmer i utvalet

Leiar:

  • Advokat Kristin Veierød (Advokatfirmaet Hjort DA)

 

Andre medlemmer:

  • Advokat Henriette Hillestad Thune (Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité)
  • Advokat Niels R. Kiær (Godkjenningsnemnda for organisert kampaktivitet som tillèt knockout)
  • Advokat Åsmund Berge (Kulturdepartementet)

 

Utvalet sitt mandat

Utvalet skal vurdere om det er mogeleg å samordne lov om forbud mot profesjonell boksing og lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout. Utvalet skal også vurdere konsekvensane og om det er hensiktsmessig å samordne lovene. 

Dersom Det internasjonale amatørbokseforbundet (AIBA) vedtek regelendringar for amatørboksing, vil mandatet bli utvida til også å omfatte ei vurdering av kva konsekvensar dette kan få for norsk amatørboksing og for endringar i norsk lov- og regelverk på området.