Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet, med hovudkontor i Bergen, er rådgjevande og utøvande organ for Nærings- og fiskeridepartementet i fiskeri- og havbruksforvaltninga. Hovudoppgåvene gjeld regulering, rettleiing, tilsyn og ressurskontroll.

Fiskeridirektoratet vart oppretta i 1900. Dei siste åra har direktoratet gått gjennom ei stor omorganisering og desentralisering, der dei sju regionkontora har fått tilført nye oppgåver. Dei driv saksbehandling, rettleiing, kontroll og tilsyn, mellom anna ressurskontroll. Ei rekkje lokalkontor er knytt til regionkontora.

 

Nettside: http://www.fiskeridir.no/