Konkurransetilsynet

Hovudoppgåva til Konkurransetilsynet er å handheve konkurranselova. Bedriftene pliktar å melde fusjonar og oppkjøp til Konkurransetilsynet, og tilsynet kan gripe inn mot oppkjøp og fusjonar som avgrensar konkurransen vesentleg.

Konkurranselova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen og misbruk av dominerande stilling. Bedrifter har plikt til å melde fusjonar og oppkjøp til Konkurransetilsynet, og tilsynet kan gripe inn mot oppkjøp og fusjonar som avgrensar konkurransen vesentleg. Tilsynet kan på sjølvstendig grunnlag vurdere offentlege ordningar og reguleringar og påpeike konkurranseavgrensande verknader.

Nærings- og fiskeridepartementet legg rammene for arbeidet til Konkurransetilsynet og er klageinstans for vedtak og avgjerder i tilsynet.

Nettside: http://www.konkurransetilsynet.no/