Energikommisjonens rapport levert til olje- og energiministeren

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Olje- og energiminister Terje Aasland tok i dag imot Energikommisjonens rapport om dei langsiktige perspektiva for norsk energipolitikk.

Lars Sørgard leverer Energikommisjonens rapport til olje- og energiminister Terje Aasland
Leder av Energikommisjonen, Lars Sørgard, leverer Energikommisjonens rapport til olje- og energiminister Terje Aasland 1. februar 2023. Foto: Jo Henrik Jarstø / OED

– Energikommisjonen er tydelege på at meir kraft, meir nett og meir effektiv energibruk er løysinga på dei langsiktige utfordringane me står overfor i norsk kraftforsyning. Dette er ei situasjonsforståing regjeringa deler. Me vil no jobbe raskt for å vurdere tiltaka kommisjonen har foreslått. Vi er allereie godt i gang med fleire av dei tilrådde tiltaka, både når det gjeld forsyningstryggleik og betre lokal foranking av vindkraft på land, seier Aasland.

Energikommisjonen vart oppretta 11. februar 2022 og har vore leia av professor og tidlegare konkurransedirektør Lars Sørgard. Ei hovudoppgåve for kommisjonen har vore å vurdere kva som er dei grunnleggjande dilemmaa i norsk energipolitikk fram mot 2030 og 2050, og korleis ulike politiske val kan påverke den langsiktige utviklinga i norsk kraftforsyning.

Kommisjonen har særleg vurdert:

  • Korleis Noreg blir påverka av energimarknader i rask endring?
  • Perspektiv for utvikling i kraftforbruket.
  • Potensialet for samfunnsøkonomisk lønnsam kraftproduksjon.
  • Perspektiv for forsyningssikkerheita.
  • Sentrale interessemotsetningar i energipolitikken.

Parallelt med Energikommisjonens arbeid, varsla regjeringa nyleg at ho vil innføre ein styringsmekanisme som skal bidra til å sikre forsyningssikkerheita for kraft. Den nye mekanismen er eit verktøy for betre å kunne sikre hjørnesteinen i den norske kraftforsyninga, nemleg den regulerbare vasskrafta.

I tillegg er regjeringa i gang med å sikre betre lokal forankring i saker som gjeld vindkraft på land. Regjeringa har foreslått å innlemme planlegging og bygging av vindkraftverk i plan- og bygningslova. Regjeringa har også foreslått grunnrenteskatt for landbaserte vindkraftanlegg, slik at ein større del av verdiane som blir skapte ved bruk av felles naturressursar skal komme lokalsamfunn, kommunar og felleskapet til gode.

Olje- og energidepartementet vil no sende Energikommisjonens rapport på offentleg høyring, for å få eit best mogleg grunnlag for vidare oppfølging. Høyringsfristen er 2. mai 2023: Offentlig høring av NOU 2023: 3 Mer av alt - raskere

Les rapporten til Energikommisjonen: NOU 2023: 3 Mer av alt - raskere

Les pressemeldingen frå Energikommisjonen på nettstedet deira: - Behov for et taktskifte

Sjå pressekonferansen 1. februar 2023 i opptak: Energikommisjonen legg fram sin rapport